Velkommen til Språkdagen 2021: Lov laga
Språkrådet arrangerer Språkdagen 9. november – på ein skjerm nær deg.
- Sjå opptak av heile Språkdagen.
- Sjå Rikets tilstand med Åse Wetås.
- Sjå Språklova på 1-2-3 med Sofie Høgestøl.
- Sjå reportasje om statusen til nynorsk i opplæringa.
- Sjå debatt: Rett på nynorsk.
- Sjå reportasje om behovet studentane har for tilgang til norsk fagspråk i utdanninga.
- Sjå debatt: Ingen fag å miste! – Slik sikrar vi norsk fagspråk for framtida.
- Sjå Språkpolitisk kvarter.
- Sjå avslutning ved kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen.
Når den nye språklova trer i kraft ved nyttår, får språkbrukarane i Noreg lovfesta rettar, og det offentlege får plikter. Kunnskapssektoren har eit stort ansvar for det norske språket. Språkvala verksemdene i sektoren gjer, har stor rekkevidde i samfunnet. Kva treng dei for å kunne oppfylle krava som lova stiller? Kva treng skulen for å kunne gje nynorskelevar like god undervising og dei same digitale moglegheitene som bokmålselevar får? Og kva rammer kan vere med på å sikre det norske fagspråket i akademia når forskingsmiljøa er internasjonale?
Sjå Espen Aas frå Dagsnytt 18 stille spørsmål og krevje svar frå politikaren, læraren, skuleeigaren og skuleforskaren i debatt om rettane til nynorskelevane. Og høyr kva professoren, Kunnskapsdepartementet, Forskingsrådet og Universitets- og høgskolerådet vil gjere for å sikre norsk fagspråk for framtida.
Kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen avsluttar dagen.
Dato: 9. november
Tid: 9.00–11.30
Program for Språkdagen 2021: Lov laga | |
---|---|
9.00–9.10 |
Rikets tilstand, ved Åse Wetås, direktør i Språkrådet |
9.10–9.25 |
Språklova på 1-2-3, ved jurist Sofie Høgestøl |
9.25–9.40 | Kva konsekvensar får språklova? Intervju med Høgestøl, ved Espen Aas |
9.40–9.45 |
FILM: Reportasje om statusen til nynorsk i opplæringa |
9.45–10.10 |
DEBATT: Rett på nynorsk Marit Knutsdatter Strand, nestleiar i utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget Debattleiar: Espen Aas |
10.10–10.25 | PAUSE |
10.25–10.30 |
FILM: Reportasje om behovet studentane har for tilgang til norsk fagspråk i utdanninga |
10.30–11.00 |
DEBATT: Ingen fag å miste! — Slik sikrar vi norsk fagspråk for framtida Oddmund Løkensgard Hoel, statssekretær i Kunnskapsdepartementet Debattleiar: Espen Aas |
11.00–11.15 |
SPRÅKPOLITISK KVARTER – samtale om språkpolitikk i kunnskapssektoren Hege Nilssen, direktør i Utdanningsdirektoratet |
11.15–11.30 |
AVSLUTNING ved kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen |